Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Platespiller'n på Gjøvik. Bak disken en travel lørdag, Inger Lise Henriksveen, som hjelper alle kundene slik at de får høre kutt fra de nyeste platene.
Foto: Odd Martin Hesjadalen
NEG 246 Bruk av musikk i ungdomstiden er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2011 med tittel Oppdragelse før og nå. Utsendarar var Anne Danielsen, Arnt Maasø, Audun Kjus og Yngvar Kjus i samband med forskingsprosjektet Sky & Scene: Mediering og mobilitet i samtidens musikkultur ved Institutt for Musikkvitenskap på Universitetet i Oslo.   Les mer …

Byste av Henrik Ibsen, utført av Jo Visdal (1903), som i dag står utenfor Ibsenhuset i Skien.
Foto: Elin Olsen
(2018)
NEG 210 Henrik Ibsen 2006 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2006 med tittel Henrik Ibsen 2006. Utsendar var Ibsenmuseet (Oslo).   Les mer …

Frå Nyestøyl i Hoslemoheia i Bykle ca 1941.
Foto: Heimar og folk i Bykle
(2006)
NEG 113 Geitehold er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1967 med tittel Geitehold. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Gustav Nærland.   Les mer …

Thor H. Wraa (1949).

Thor Hansson Wraa (fødd 2. august 1912 i Kviteseid, død 13. oktober 2007 same stad) var gardbrukar. Han var son av Hans Torsson Wraa (1884-1938) og Tårånn Kristiansdotter Fjone (1884-1973). Thor hadde tre syskjen; Thor Hansson Wraa d.e. (1910-1911), Signe Marie Hansdotter Wraa (1916-1999) og Kristian Johan Hansson Wraa (1918-2003). Thor vart fødd på Gotuholt, i Lundevallgrendi i Kviteseid. Etter at faren døydde, budde han her i lag med mora og sine to syskjen, Signe og Kristian. Mora døydde i 1973, og då tok syskjenflokken over garden. Alle tre var ugifte, og ingen hadde ungar.

På garden hadde dei hest, kyr, sau og høner. Thor var født med ein hoftefeil, og sleit difor med det fysiske arbeidet. Kring 1960 reiste han til Oslo for å operere, men operasjonen vart mislukka. Han verka meir som ein administrator på garden, der det var broren som gjennomførte det tyngste arbeidet.På garden dreiv dei med tømmerhogst og tømmerkøyring i gamal stil, i tillegg til det vanlege jordbruket. På garden var det også eit gamalt bygdemeieri i kjellaren, men dette vart truleg avvikla omlag då faren døydde i 1938.   Les mer …

Rundballeproduksjon på Hals på Tustna.
Foto: Olve Utne
(2008)
NEG 163 Fôrproduksjon er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1993 med tittel Fôrproduksjon. Utsendarar var Anne Moestue, Göran Rosander og Else Matheson Svenkerud.   Les mer …

Delar av Rikard Berge si handskriftsamling ved Telemark Museum. Berge oppbevarte kladdebøkene i hengsla kjeksboksar frå "Sætre Kjæksfabrik".
Foto: Tor Kjetil Gardåsen (2015) / Telemark Museum
Rikard Berge si handskriftsamling er arkivet etter folkeminnegranskaren Rikard Berge. Delar av arkivmateriale vart overtatt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, i dag Telemark Museum, i 1970. Samlinga inneheld unike skildringar frå historia i Telemark, og er i dag gjort søkbar gjennom Telemarkskilder ved Høgskulen i Telemark, avdeling Notodden. Det var i 1970 at Fylkesmuseet for Telemark og Grenland tok over hovuddelen av det handskrivne materialet etter Rikard Berge. Det var Halvor Landsverk, dåverande styrar ved Fylkesmuseet, som m.a. med midlar frå Norsk Kulturfond, sørga for å få kjøpt inn materialet. Eit stort kulturhistorisk stofftilfang frå Telemark var dermed sikra. Utanom det skriftlege materialet omfatta samlinga voksrull¬opptak av spelemenn og kvedarar.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar